1. mai 2023

Vitengarden med sine nusselege dyr


Altså, sjå kor søte og nusselege kopplamma ute på Vitengarden er! For akkurat ei veke sidan hadde me personalsamling med heile Jærmuseet ute på Nærbø, og i ein liten pause, fekk me tid til å helse på dei to søtaste lamma og ein passe stor haug like skjønne grisungar. To lodne lam som gjerne ville helse på oss medan dei bittesmå grisane helst ville liggje heilt inntil mora og berre sove.


Prøvde å telje dei små, rosa nøsta og trur me kom fram til tretten stykk. Dei låg der tett i tett og tok livet heilt med ro. Klarer du å sjå korleis den eine opna auget for å følgje litt med på oss?! Rett og slett kjekt å starte veka slik med dei skjønnaste små dyreungane. Som sagt var dette førre måndag, klagar heller ikkje på å byrje veka med ein fridag. Eg har strikka og lese, vore innom Sola for å hente bunaden og teste ein strikkagenser som mamma held på med, sett litt på krim på TV-en og tenkjer  eg skal lese litt til før det blir lang dag i morgon med jobb, styremøte og orkesterøving.

Legg igjen ein fin tanke