3. mai 2023

Liten blomebukett




Blomar i heimen. Me er kanskje ikkje dei beste til å hugse på å pynte heimen med ein liten bukett eller to, men av og til får også me det til ;) Her om dagen då eg gjekk  forbi Aarrestad Blomster, ein av naboane til Vitenfabrikken, såg eg nokre farga nellikar. For ein sterk og kul fargekombinasjon og eg klarte ikkje å gå forbi dei utan å kjøpe med eit par heim. Kjøpte også eit par ranunklar og litt brudeslør, og vips, så hadde eg ein liten blomebukett å ta med heim til mannen min. Ein dose med herlege fargar i ein bukett som lyser opp kvardagen, akkurat slik ei god lesestund gjer.

Legg igjen ein fin tanke