14. mai 2023

Kjempekjekk laurdag, ein ikkje fullt så kjekk sundag




Tittelen seier ganske mykje: me hadde ei kjempeflott feiring av konfirmanten i går (for ja, me var i konfirmasjon på Langhus i helga), og på kvelden såg me ESC-finalen i lag med onkelen min og kjærasten hans i Oslo. Min betre halvdel og eg budde nemleg hos dei og katten Bambus, og frå dei er det berre ein liten togtur til Langhus-gjengen. Liker godt å sitje på toget, og hadde ein finfin togtur på fredag. I dag fekk me derimot ein trist beskjed på veg heimover: ein annan onkel av meg gjekk bort i går kveld. Me har visst at han låg på sjukehuset og at det kanskje ikkje gjekk den rette vegen, men det var likevel ein tung telefon å få. Tårene har trilla litt frå og til langs Sørlandsbanen i dag. Resten av veka då? Lite nytt. Eit par dagar med mykje trøkk og eit par andre dagar som var noko rolegare. Kjenner eg treng å leggje meg i senga, eg skal ikkje dvele meir over veka, anna enn dette:
 
å, den aller finaste The Little Prince (Le Petit Prince), er åtti år i år, og eg las den nyleg på no
ha på meg bunad i konfirmasjonen i går
magisk solnedgang på ein biltur langs Jæren 
hunden Bailey er alltid like snill, og den lille pusetassen er herleg sjarmerande
blå himmel og grøne blad 
togtur – alltid togtur
sennepsgul strømpebukse, ein matchande cardigan og bruktfunnkjole 
markblomar i fleire sterke fargar
stilig å sjå eit amerikansk college ha små romfartsaktivitetar for nokre elevar på Vitenfabrikken
alle dei søte og lodne lamma ved universitetet
ei lita hytta langs eit vatn, sett frå togvindauget 
sitje i komfortvogna (også kalla Ekstra), drikke kaffi og lese
min herlege, gule og lune genser
nydeleg versjon av "Bring Him Home", han som syng gjekk på musikklinja året under oss 
høyre korps øve til 17. mai der dei marsjerte forbi rett ved blokka vår
sjå på årets ESC-finale, kommentere og ha det artig heime hos onkelen min og kjærasten hans 
strikketid om kveldane 
sola som skein gjennom heile dagen i går
at Good Omens snart kjem med ein ny sesong!
koseleg feiring av ho eine niesa vår som var konfirmant i går; mange gode taler og fine folk
Go-Ahead som delte det eine IG-biletet mitt
Leila Mottleys Nattvesener er ei kjempetøff og rå bok

Legg igjen ein fin tanke