17. mai 2023

Bunad også i dag 🇳🇴


Vakna til korpsmusikk i dag tidleg, og måtte titte ut soveromsvindauget. Koseleg måte å starte dagen på! For vår del var det generelt ein treig start på dagen, noko som passa oss bra etter ei travel helg med ein kjekk dag og ein ikkje kjekk dag. Mannen min laga heimbakt brød til frukosten, og det lukta godt i heile leilegheita. Las og strikka, såg litt på direktesendinga frå NRK med 17. mai-innslag frå heile Noreg, og etter kvart var det på med finstasen. Sola var litt til og frå, men det var ein god del vind og difor ikkje så varmt som i konfirmasjonen på laurdag. Så klart blei det då eit lite hoppebilete! Mannen min måtte også posere litt sjølv om det ikkje er favorittaktiviteten hans ;)


Også i år var me inviterte til eit venepar, dei fine folka me ofte feirar dagen i lag med. Ikkje så mange der i år, men det var likevel mykje god mat, prat og latter. Ordentleg 17. mai-stemning. Etter orkesterøvinga i går, laga eg oreoiskake som me tok med bort, og den fall i god smak. Fint kaffiservise, hekla nasjonaldagspynt og serviettar i raudt, kvitt og blått. Trass sur vind, måtte me jo ut i hagen for å spele litt (det me kallar) plendart. Og i år som i fjor, blei det til slitt ein enkel patsa carbonara her heime utpå kvelden. Utan finstasen, for sjølv om det er kjempekjekt å ha på bunaden, er det også godt å ta den av. Gøy å kunne bruke den finaste bunaden to gongar på fire dagar!

Legg igjen ein fin tanke