8. mai 2023

Foredrag om både kjøkkenhage og blomebukettar




For fjerde året på rad blei det ein tur ut til Wiig Gartneri i lag med to gode venar. Så stas å sjå kor langt han eine kompisen min har komme på eit drygt år: to bøker om dyrking og kjøkkenhage, han reiser rundt og har foredrag og driv ein eigen nettbutikk. Og sambuaren hjelper til kvar dag, eg er stolt av dei begge to! Me hadde god tid til foredraget då me kom fram til Wiig, og me sat oss ned, prata med Finn Schjøll, fekk knallgod rabarbrabrus og like god softis. Tid til å sjå på alle dei fargerike blomane, grøne planter og urter fekk me også før det heile byrja klokka seks.
 



Gode foredrag frå begge to, og sjølv om det varte ei stund (ein lengre pause midt i programmet), var det både interessant og artig å høyre på dei. Ser eg brukte kameraet mindre flittig i år enn i fjor, for denne gongen var det ein profesjonell fotograf der i tillegg til at det var eit tettare program. Alt i alt ein veldig kjekk kveld med fine folk ute på eit supert gartneri. Latter og god prat og til slutt: sjå den vakre buketten Finn laga medan han stod på scena og snakka. Elskar alle dei lilla fargane i lag!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Wow! Så utrolig kult! Ikke rart du er stolt av kompisen din :) Jeg elsker forresten den nye podkasten hans!

Silje sa...

Ikkje sant?! Synest det er er råtøft alt han har fått til, både med bok, foredrag og kafédrift (i lag med sambuaren) på snaue to år. Gøy med podcast! :D

Legg igjen ein fin tanke