12. mai 2023

Kvardagsgledesnuttar


Humlene som suser, rosa blomar på trea, knallblå himmel og grøne blad og ein rusletur langs ein vårleg allé. Vel har det vore grått dei to siste dagane, men våren altså, at den kan vere så fin. Å sjå alt som kjem til live i så smått i slutten av mars, sidan meir i april og fargar og liv overalt no i mai. Små, men likevel viktige, kvardagsgleder, og kvar morgon med sola som lagar lange skuggar medan eg traskar frå togstasjonen er morgonar som får meg til å smile. Kvardagsgledesnuttar i det siste.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anna sa...

Denne videoen fikk meg til å tenke hvor brå overgangen fra tidlig vår, til nesten sommer har vært i år. I hvert fall hos oss. Det føles nesten litt uvirkelig at det endelig er vår. Det er så koselig å se slike øyeblikk i videoformat, Silje! Blir inspirert til å filme mer selv :)

Silje sa...

Såg jo dei fyrste snøklokkene seint i februar, men det er likevel den siste månaden det verkeleg har tatt av! :) Våren er alltid like velkommen, år etter år (og fine deg, takk for koseleg kommentar)!

Legg igjen ein fin tanke