26. mai 2023

Torsdag full av tårer og smil




Nattoget til Oslo onsdagskveld, kom fram til hovudstaden halv åtte om morgonen i går. Broremann tok det same toget, og alle tre dusja og åt ein knallgod frukost på Thon Hotel Opera. Sidan sat me på med mamma og pappa frå Oslo til Åsgårdstrand. Dagen i går var både tung og fin, ein dag fylt med tårer og mange gode minne. Den dryge timen i kyrkja var den tyngste, samstundes fekk me høyre nydeleg musikk og like nydelege ord frå dei som stod han nærmast. Alle har kanskje eit søskenbarn på Gjøvik, men alle burde også hatt ein onkel i Åsgårdstrand. Minnesamveret var på Grand Hotel Åsgårdstrand, med stilige detaljar og ei flott utsikt ut mot ein del av Oslofjorden. Fleire gode timar i lag med familien der me lo og grein litt, prata og titta på gamle bilete på eit større lerret. Ein ettermiddag full av varme og kjærleik. På Skoppum stasjon såg eg ei lita minibokhylle, alltid like glad når eg ser slike byttebuer. Overnatta på eit litt rimeleg hotell i Oslo, og åt dagens frukost på ein koseleg kafé. Og halv ti var det toget heim. Takksam for denne lille turen sjølv om høvet var trist.

Legg igjen ein fin tanke