I kveld var me ute og åt på restaurant i nabobyen i lag med broremann, mamma og pappa. Som nemnt hadde mamma og pappa rubinbryllausdag på sundag, og det måtte me feire. Maten var veldig god, hyggeleg selskap og i morgon blir det teaterkonsert med same gjengen. Kjenner eg er trøytt no etter å ha hatt kveldsvakt i går og morgonvakt i dag, så eg kjem ikkje til å skrive så veldig mykje meir. Ønskte berre å dele nokre blomebilete frå finaste arboretet. Rododendron i forskjellige fargar, høge og flotte. Mørkelilla småblomar, blomar med regndropar på, lukta av blomar.
Viss du skrur opp lyden, kan du høyre fuglane som kvitra og song i skogen i den lille videosnutten. Og susinga i skogen. Traska i eit akkurat passe tempo og søkte verkeleg skogens ro. Kanskje må me tilbake igjen i løpet av sommaren eller hausten, for fargane forandrar seg jo med årstidene.
Legg igjen ein fin tanke