22. juni 2022

Kongen på haugen


Eller, i alle fall kongen på hovudet. For når Zalo er på besøk, er eit hovud den aller beste plassen, då har han oversikt over alt og alle. Mamma og pappa har vore på ferie, og sidan førre onsdag har  Zalo vore på besøk her hos oss. Det beste er å vere med oss og ete frukost, like morosamt kvar morgen. Maten fyk litt rundt omkring (sjå det andre biletet), så veit ikkje heilt kor mykje han et av det som eigentleg er maten vår. Men han verkar nøgd om ikkje anna ;) Å sitje på skuldra til mannen min og prate, er ein annan favorittaktivitet, og kvar gong lurer eg på kva det er Zalo prøver å fortelje. Og akkurat det trur eg det berre er han som veit. Du er jaggu meg ein søt, liten luring, Zalo!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Fine pipipen! Din kjære har nok barndomsminner om en bølle som het Patrik :-) Han var som et speilbilde av Zalo, med den lille forskjell at han hadde en gul flekk i nakken. Og i den nakken elsket han å bli klødd :-) Rart hvordan slike små krek kan gi oss mye selskap og glede. Og dere/mor og far, har visst fått et eksemplar av den veldig sosiale typen. Nyt selskapet!

Silje sa...

Har høyrt om Patrick, ja :) Zalo liker kanskje ikkje å bli klødd, men sosial er han og han vil alltid vere med der det skjer, det er sikkert og visst :D

Legg igjen ein fin tanke