6. jun. 2022

Solnedgangsmagi 30. mai 2022

Måndag førre veke. Kveldsvakt på jobb, og då eg byrja å sykle, ville eg berre komme meg fortast mogleg heim. Likevel tok eg ein liten omveg om Mosvatnet, stoppa opp ein augneblink. Himmelen over vatnet var lilla, rosa, oransje, nesten indigo, alt etter kor auga såg. Vatnet som blei farga av kveldshimmelen, roa av å berre stå og kikke, kvardagsmagi på bryllaupsdagen vår Magi har det vore denne måndagen òg med fri, tjue gradar, lesing i graset og god tid til strikking. Heilt greitt ;)

Legg igjen ein fin tanke