3. juni 2022

Fredagsbukett i lag med ein fredagsmakron



 
Brudeslør i buketten eg fekk på måndag då me feira ullbryllaup. Fint i all si enkelheit, dei små, kvite blomane i lag med pastellroser. Og så hadde han også kjøpt makronar, for han veit eg at synest det er veldig godt til kaffien. Starta dimed dagen i dag, og sånn sett helga, med ei god bok og ein makron etter frukost. Buketten er flott enno der den står på det store bordet i stova vår, rett og slett ein ordentleg fredagsbukett og ein liten fredagsmakron. Klagar absolutt ikkje på ein slik fredag.

Legg igjen ein fin tanke