5. juni 2022

Siste dagane i mai med bryllaupsdagar og junis fyrste dagar




Mai er over og me skriv plutseleg juni. Offisielt sommar. Som vanleg skjønner eg ikkje heilt kor den der tida blir av. Feira bryllaupsdag x2 denne veka (både vår og mine foreldres dag), prøvd å nyte kveldslyset rett utanfor svømmehallen ein av dagane eg var seint på jobb, eit teaterbesøk for å sjå Vamps Våken drøm og ei helg med kvilepuls. For når ein kan sitje ute på balkongen og lese på ein sundag og dagen før vere ute og gå fleire kilometer langs eit vatn, då kjenner eg at skuldrene blir mange hakk lågare. Blir litt rart å ha fri i morgon og så stå opp halv fem på tysdag, men samstundes klagar eg ikkje på ein ekstra fridag. Om litt er det på tide å finne senga, kjekke punkt frå denne veka:
 
starte veka med god kaffi, bok og strikketøyet i fanget
kveldslyset over nabobygget då eg hadde kveldsvakta på jobb
stearinlys i eit vindauge, så enkelt og likevel så vakkert
lese ut nok ei knalltøff bok av Édouard Louis
få til å strikke vrangmasker med tråden bak arbeidet
liten artikkel om ti minneverdige scener frå Shetland-serien
stoppe opp for å nyte ein magisk solnedgang over Mosvatnet 
maidagar i ein liten videosnutt frå denne fine Instagram-kontoen
kule Midgardsormen over Frøylandsvatnet
bokklubbmøte rett før helga tok til
høyre på brassbandmusikk på Spotify då "I Don't Know How To Love Him" dukka opp
balkonglesing
mange gode forslag til skeive bøker ein kan lese no når det er juni og pridemånad
rar leseoppleving med Skydekke av Andrea Abreu 
blomebukett og makronar frå min betre halvdel på vår bryllaupsdag
Ida som tar oss med på ein liten hagetur hos Fru Berg, her såg det ordentleg koseleg ut!
hortensia i fleire flotte fargar
blir glad av å lese om dette paret som fann kvarandre ved å bruke augestyrt teknologi
konsertforestillinga Våken drøm på teateret med familien
sjå ei som hadde The Book of Mormon-handlenett på teateret
Abbys heilt nye og søte geitekillingar
ete ute på restaurant for å feire mamma og pappas rubinbryllaupsdag 
og den fløyelsmjuke crème brûléen var berre heilt utruleg god

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Måtte lesa heile artikkelen om Shetland-serien. Og så kjem det visst ein ny sesong! Berre å gle seg. Cilla.

Silje sa...

Tihi, eg held på å lese bøkene innimellom, og er enno ikkje ferdig, så har mykje å glede meg til! :D

Legg igjen ein fin tanke