12. juni 2022

Hjarte ute på balkongen, orkesterhelg og ein lunsjdate









Fire tidlege morgonar (slapp jo unna måndag sidan det var andre pinsedag) og sidan ei helg der ein del av tida har gått med til orkesterspeling. Klassisk konsert i kveld med ei øving i går. Me i grovmessinggruppa spelte ikkje på alle stykka, så det har blitt ein del pausar. Men, men, dette var siste konserten før sommaren og til hausten har me blant anna ein gallakonsert som eg trur kjem til å bli veldig bra. Sol og sommar på måndag, produktive dagar på jobb, kjekke bøker, bruktfunn og gjenbruksbutikk oppsummerer veka ganske greitt. Meir spesifikt om veka og andre lenkjer:
 
✦ Uten å nå toppen, elska Cognettis De åtte fjellene og likte også denne om å gå i eigne tankar
✦ løytnantshjartet som eg fekk frå jobben i fjor, pyntar verkeleg opp balkongen vår
✦ "Fargeparadokset" – ein god kronikk som tar opp temaet "gute- og jentefargar"
✦ sjå vidare på sesong tjuefire av Tause vitner som akkurat no ligg ute på NRK Nett-TV
✦ høyre Glen Hansards konsert frå 2020, tatt opp i National Library Dublin, for ei stemme Glen har!
✦ byrje veka med å sitje ute i det grøne graset ved Vannassen og lese i ei bok 
✦ kul fugl som dansar til songen "Happy"
✦ stikke innom ein bruktbutikk som hadde mange gamle og flotte servise
✦ dokumentarfilmen Gunda, hjarteskjerande og vakker, dette er rein poesi
✦ ete god lunsj, kaffi og noko attåt på Espresso House etter orkesterøvinga i går 
✦ alltid noko magisk ved ein solnedgang, til dømes denne som Ingeborg har fanga i all si prakt
✦ lese og høyre orkesteret spele eit stykke eg ikkje sjølv var med på medan eg venta på bussen heim
✦ koalaar er skjønne dyr og denne lille krabaten er berre eilt nusseleg 
✦ sykle til jobb om morgonane med lys himmel og varm temperatur
✦ to flotte bruktkupp frå butikken på Klepp stasjon 
✦ prøve ut spelet "Imagine" etter laurdagstacoen i går, me lo og hadde det veldig morosamt 
✦ hi, hi, ein ganske stilig måte syne fram Beethovens femte på, for sjekk ut denne animasjonen!
✦ pusle eit artig og fargerikt puslespel 
✦ Carinas klare bilete av eit søtt ekorn 
✦ strikketid i sofaen når vêret har vore litt grått
✦ for ei stille og samstundes vakker bok, Jocelyne Sauciers Det regnet fugler er ei minnerik historie

Legg igjen ein fin tanke