15. juni 2022

Innom tre bruktbutikkar i nabobyen


Sidan me fyrst var i Sandnes og hadde god tid etter øvinga på laurdag, nytta me sjansen til å teste ut fleire av bruktbutikkane dei har i byen. Eller, rettare sagt, det var mannen min som kom på den idéen for å gjere laurdagen til ei lita utflukt og ikkje "berre" eit dryg time med orkesterøving. Åt fyrst ein god lunsj (veldig koseleg med kaffidate) og sidan gjekk me fyrst innom Bruk brukt, ein liten pop-up-butikk i regi av Sandnes kommune. Fann ei lita sak som eg har gløymt å ta bilete av, og tok heller ikkje bilete i butikken. Men i dei to andre, Om igjen og Velvet, måtte eg ta fram mobilkameraet. Karaflar i fleire fasongar og fargar, gamle lamper og møblar, små glas med søte mønster etsa på glaset og tøy i ordentleg syttitalsfargar. Velvet er ein butikk der ein finn på nytt og gammalt, medan hos Om igjen finn du berre gamle ting. Og der er det mykje å sjå på, garantert noko for ein kvar smak. Sjølv om det ikkje var mitt favorittmotiv, likte veldig godt formen på kaffiserviset. Eller kanskje me skal gå for eit middagsservise med små, fargerike blomar?! Neida, eg er nøgd med dei servisa me har, men alltid gøy å titte, for det er mykje fint ein kan finne brukt om ein berre leitar litt.

Legg igjen ein fin tanke