2. mai 2021

Sundagsliste også denne veka



Omtrent kvar sundagsliste startar med bilete av ei bok – må nesten le litt av akkurat dette. Men det gir eit godt inntrykk av kva det er eg held på med, for om nokon skulle lure: blir det mykje lesing på meg om dagane. Når eg ikkje er på jobb, er det lesing og strikking på agendaen. Som eg skreiv i det førre innlegget, saknar eg å vere sosial, men eg prøver å fylle kvar dag med noko fint, om det så "berre" er det å lese, drikke ein god kopp kaffi eller det å sykle til jobb i solskinet. Alt i alt har det vore ei god veke med rolege jobbdagar og senka skuldrer ute på balkongen. No over til lista:

✦ sjarmerande bok av Beth O'Leary
✦ sjå den til no siste episode av Mord i paradis, ein kul og artig krimserie
✦ lille kattungen Coco er så herleg
✦ fontena og fuglelivet i Breiavatnet
✦ ein slags "Take on Me"-versjon i byrjinga av ein The Goldberg-episode
✦ verdas finaste film, Cinema Paradiso, kan du sjå på NRK Nett-TV her
✦ "Chevaliers de Sangreal" frå Da Vinci-koden med The Danish National Symphony Orchestra
✦ stikke innom den botaniske hagen i dag – så kjekt å sjå humlene suse rundt omkring
✦ blomar som lyser opp heimen vår
✦ vårvêret på veg både til og frå jobben
✦ ta i bruk den nye strikkatoppen
✦ å få ta del i kvardagen til Jonna ute i skogen i Sverige
✦ blometre ved inngangspartiet til eit fint hus
✦ sukk, aprilbuketten inne hos Et katteliv er berre heilt nydeleg
✦ grøngule tre mot den blåblå himmelen
✦ ha, ha – eg småhumrar av dei korte musikksketsjane inne på denne IG-kontoen
✦ ny sesong av Mysteria i Brokenwood, stilig å sjå ein krimserie frå New Zealand
✦ strikke eit godt stykke vidare på det nye strikkeprosjektet
✦ soloppgangen og ein vakker himmel då eg sykla til jobb onsdagsmorgon
✦ meir lesing ute på balkongen
✦ John Boynes Den hvite fjæren, ei tøff bok med handling frå fyrste verdskrig

Legg igjen ein fin tanke