30. apr. 2021

Halde hender i ein ny by

Saknar å vere sosial utan å tenkje avstand. Saknar å spele med orkesteret. Kunne gå på ein konsert, sjå ein film på kino eller syngje med på ein musikal. Eg saknar å kunne la vere å tenkje på "meteren", eg er lei av å gå med munnbind og øydeleggje hendene mine med all den handspriten og vaskinga som me gjer dag ut og dag inn. Det er trist å sjå på eit tomt basseng, å ikkje møte kundar i billettluka, å ikkje ha ein meir vanleg kvardag.

Saknar å utforske nye plassar, nye byar, nye land. Eller, det treng ikkje å vere eit nytt land, eg kunne godt ha utforske gatene i Trondheim, Røros eller ein annan norsk by eller stad. Draumen er å kunne toge til Storbritannia, besøke Agatha Christie-museum i Torquay og vidare besøke Skottland. Med tog. Eller sjå meir av Sverige. Kanskje dra til Finland, der har eg ikkje vore før. 

Nyleg har eg kost meg med å sjå mimreserien til Michael Palin i lag med mannen min, og eg har reist til nye plassar på denne måten. Men når tårene kjem av å sjå dette programmet, skjønner eg at no har det gått langt. Joda, eg blir fort rørt, noko som også gjaldt dette programmet, men tårene kom også fordi eg saknar å kunne utforske og oppdage ein annan plass. La kvardag vere kvardag og berre drøyme oss bort. Det er eit privilegium å kunne halde avstand og eg veit at me har det godt her i landet om ein samanliknar med andre. Eg veit det. Men likevel.

Eg saknar å halde hender i ein ny by.

Legg igjen ein fin tanke