30. mai 2021

Favorittbilete frå ein favorittdag ♥


Sukkerbryllaup. Seks år sidan ein solfylt dag full av kjærleik, seks år sidan han og eg sa "ja" foran våre kjente og kjære. Seks år sidan me valde kvarandre, slik me framleis gjer. Takk for at held ut med meg, prøver å forstå meg, for det er ikkje berre berre. I alle fall ikkje det siste året når kvardagen innimellom har vore tyngre enn normalt. Eg veit det har vore slik for fleire av oss, men eg vil likevel få takke min betre halvdel litt ekstra i dag. Takk for at du tek handa mi, har ein varm armkrok å krype inntil, alltid er her. Eg elskar deg. Eit av mine favorittbilete frå den dagen er tatt i den augneblinken me går ut av kyrkja, hand i hand. Du och jag. Du er den finaste eg veit ♥

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Jeg må få gratulere med enda et år da :-) Vi husker jo den flotte dagen - og den koselige bryllupsfesten. Tenk 6 år siden! Ikke rart vi blir fort gamle slik som åra raser avgårde. Syns egentlig det bare var et par år siden, egentlig.....

Silje sa...

Tihi, takk! Tida går fort i godt lag, er det ikkje det ein seier?! ;)

Ida sa...

Åååå, fine dere ♥ Gratulerer så mye på etterskudd. Kjenner jeg blir helt varm i hjertet av både bildet og teksten din. Det finnes ikke noe finere enn kjærlighet! Og er det ikke litt ekstra fint å ha en sånn herlig dag å se tilbake på nå når livet byr på utfordringer? ;)

Silje sa...

Gode deg, tusen takk ♥ Å sjå tilbake på denne dagen, får alltid hjartet til å banke litt ekstra :)

Legg igjen ein fin tanke