10. mai 2021

Balkongvår ute på balkongen vår



Prøver å vere litt festleg med tittelen på blogginnlegget – veit ikkje om det slår an, men eg køyrer på likevel ;) Gråvêr over byen i dag, men den siste månaden har me stor sett vore heldige med vêret. Etter å ha gått tur på laurdag, handla me på butikken og då blei det med heim ein ispinne på kvar. Sat ute på balkongen og koste oss, faktisk eit lite hint av sommar. Har også sete mykje ute på balkongen i april, då me litt varmare klede. Lyden frå motorvegen kjem me ikkje unna, men det er likevel ei eiga stemning med det å sitje ute og lese. Ei roleg start på veka med turnusfri, noko eg har brukt til å strikke og lese. Som vanleg, tihi. Tenkjer det blir litt meir av det før leggjetid.

Legg igjen ein fin tanke