Hekling er ein annan hobby eg innimellom tek fram og koser meg med. I mange år var det helst hekling – og ikkje strikking – som for meg var greia når eg skulle lage teppe, panneband eller liknande. Kjøpte noko utgåande garn hos
Pickles då eg skulle kjøpe garn til ein av dei nystrikka genserane mine. Fann på same nettstad oppskrift på
stilige eggevarmarar. Eit akkurat passe raskt prosjekt å ha ved sidan av eit større strikkeprosjekt, og oppskrifta er ypperleg i lag med restegarn.
Legg igjen ein fin tanke