17. mai 2021
Lågterskelfeiring av nasjonaldagen 🎂🇳🇴
Korpsmusikk på TV-skjermen, musikk og marsjering frå Hans Majestet Kongens Garde, også dei på skjermen. God frukost, på med semifineklede, ingen bunad i år sidan det berre var oss to her heime – håper så klart på tog og ei større feiring neste år. Men det er slik det blei i år, resten av dei i vår lille kohort har vore på hytta heile helga, noko som ikkje var aktuelt sidan eg hadde jobbehelg. Trur det er mange av oss som hadde håpt på ein meir normal 17. mai-feiring i år, for no byrjar det å bli nok. Likevel, med solskin og fuglekvitter, lesing ute på balkongen og marengsrestar som blei til ein pavlova toppa med krem, lemon curd og pistasjnøtter, har det vore ein fin og god dag, ei lågterskelfeiring. Og me er heldige som bur i dette landet, som er frie sjølv midt i ei vanskelig tid, som har demokrati og frie val. Gratulerer med dagen, Noreg! Gratulerer med dagen, alle saman!
Merkelapp
mat og drikke
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Gratulerer med snart overstått 17.mai til dere to! Det ble korps og diverse annet på tv her også - lite annet :-)
Men du fikk vel se den artige videoen på FB som gemalen din hadde funnet? Var han ikke fin der han sto med kornetten, rett foran kameraet! I full uniform, rund i kinna og noen fregner i vårsola :-) Ja, det var tider det! PS: svigrene var jo også der i bakgrunnen - dog med både mer og mørkere hår :-)
Så koselig det hørtes ut ;) Enkelt ja, men koselig. Og den kaka så bare SÅ god ut! Det var enkel feiring her også. Mye tv, is, pølse og hjemmekos. Men så er det jo hjemme vi trives best på denne dagen uansett ;) Og jeg er så enig med deg, vi er så heldige som har det så godt, selv i pandemitider ♥
Moder’n: Hi, hi, ja, eg såg videoklippet! Så artig :) Saknar det å vere med korpset på 17.mai, i alle fall spelinga, kanskje ikkje dei lange dagane ;)
Ida: Kaka var god! ;) Me var heldige med vêret, og det var heilt nydeleg å sitje ute på balkongen med ei bok i fanget. Ønskjer deg ei flott veke ♥
Legg igjen ein fin tanke