21. mai 2021

The Durrells



Eller kanskje eg heller skal skrive Familien Durrells greske eventyr sidan det er den norske tittelen. Tja, må vel seie at den engelske enklare og kling betre. Men det var ikkje tittelen eg skulle skrive om, det er serien som er hovudfokuset. For dette er ein av dei herlegaste seriane eg har sett på leeenge! Eg har nemnt den tidlegare, fleire gongar til og med, men eg nemner den igjen. Mamma og pappa har eit spesielt forhold til øya Korfu, og då eg kom over denne serien på Platekompaniet for nokre år tilbake, tenkte eg at dette er den perfekte julegåva. Eg kjøpte ein samleboks med sesong ein og to til dei, og me såg nesten heile sesong ein saman den jula. For den fall verkeleg i smak! Serien er basert på Korfu-trilogien, tre bøker skrive av Gerald Durrell. Dei skildrar åra mora til Gerald tok med seg han og resten av familien til Korfu i mellomkrigstida. Bøkene er fulle av humor, forviklingar og varme, av kjærleik til familien med alle skavankar og kjærleik til alle moglege dyr. Eg koste meg sånn med å lese bøkene, og eg har storkost meg like mykje med å sjå dei tre fyrste sesongane; heldigvis har eg ein sesong igjen. No ligg mykje av serien ute på NRK Nett-TV, eit lite fredagstips frå meg. Gå og sjå den no med ein einaste gong!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Anonym sa...

Skriv under på alt du skriv om serien! Cilla

Silje sa...

Vil ikkje at serien skal ta slutt! Har heldigvis ein heil sesong igjen, for dette er ein av dei aller beste seriane. Punktum ;)

Legg igjen ein fin tanke