9. mai 2021

Kaffigodt og lite nytt å melde

Kjennest ut som om vekene er like, dagane berre går over i kvarandre utan at det er særskilte forskjellar på ein måndag og ein fredag. Lesing og strikking er framleis hovudaktivitetane, ein tur og sykling til jobb dei to andre. Heldigvis opnar me igjen for publikumssvømming i morgon, med andre ord så går det i alle fall framover. Og sjølv om mange av dagane ser like ut, takkar eg jo aldri nei til ei god bok eller tid til å strikke. Men så klart: noko av det eg saknar aller mest, er det å vere sosial utan å tenkje avstand eller kohort. Vel, desse sundagslistene er jo ei oppsummering av fine saker og ting, så eg skal ikkje skrive noko meir om restriksjonar og det eg saknar akkurat no. Eg har faktisk ikkje så mykje meir å skrive om denne veka, sundagslista taler for seg sjølv:

✦ vite at me frå i morgon av kan ta i mot publikum
✦ sundagskos med kaffi, eit nydeleg magasin og noko godt attåt, kjøpt i den finaste nettbutikken
✦ strikke medan eg har sett The Durrells eller ein Poirot-episode
✦ apropos "koseleg mord": her er ei side med over tjue slike britiske TV-seriar
✦ å lese ut bok nr. to om Jimmy Perez ute på Shetland (å, som eg vil reise dit no!)
✦ Fred Astaire og Ginger Rogers i filmen The Gay Divorcee frå 1934
✦ tenk at det er 25 år siden Kykelikokos hadde premiere – hugsar enno det telefonnummeret ;)
✦ å ha eit par produktive dagar på jobb trass i noko låg motivasjon
✦ svømme 850 meter i bassenget
✦ katten Coco og heilt nusselege kyllingar
✦ og så her, då Coco var endå mindre og syntest det var spennande å sjå på vaskemaskinen
✦ lese ute, anten det er på balkongen, ute i ein hage, på svaberget eller under eit blometre
✦ kvitveis i skogen då me var ute og gjekk Grannesturen i går
✦ Niinas vårdagar
✦ spele "Boule" (eller "Boccia") i lag med broren min og han der fine
✦ Peter Hollens og The O'Neill Sisters med "Loch Lomond"
✦ byrje å lese Narnia-bøkene, hugsa nesten ingenting frå den fyrste boka: Drømmen om Narnia
✦ noko kaldt, men likevel fint vêr når eg har sykla til jobb tidleg om morgonen
✦ fyrste episode av "Togpodden"
Kompani Lauritzen og laurdagstaco
✦ nydelege bryllaupsbilete av to bruder i forskjellige, men akk så fine kjolar
✦ sollyset mellom boksidene

Legg igjen ein fin tanke