24. mai 2021

Í heimabærinn minn



Førre måndag, altså på sjølvaste 17. mai, gjekk filmen Eurovision Song Contest: The Story of Fire Saga på NRK. Me hadde lurt på å sjå den tidlegare på Netflix, men for det fyrste er eg ikkje storfan av ESC og for det andre såg eg for meg at denne komedien med Will Ferrell i spissen kunne bli rimeleg klein. Likevel tenkte eg at eg skulle gi den ein sjanse, og jaggu meg var den eigentleg akkurat passe herleg. Latteren sat laust og filmen tar så mykje av ESC-sirkuset på kornet. Saman med Ferrell er Rachel McAdams og Dan Stevens to andre hovudroller, og alle tre glir rett inn i det nemnde sirkuset. Ferrell fekk idéen til filmen etter at hans svenske kone fekk han med på å sjå ein ESC-konkurranse seint på 90-talet. Songen "Husavik" som dei to hovudrollene syng i finalen, blei nominert til Oscar for beste originale song, og det er den du kan høyre i to forskjellige versjonar i snuttane over. Liker så godt at nokre av strofane er på islandsk, morsmålet til hovudkarakterane. "Í heimabærinn minn" betyr "i heimbygda mi", og songen heiter altså "Husavik", bygda der dei kjem frå. Len deg tilbake og høyr den. Tenk om denne hadde vunne den ekte ESC-finalen?!

Legg igjen ein fin tanke