7. mai 2021

Søtnosar ute i nærområdet



Kanin på vift ved den botaniske hagen, eit vakkert blometre og lesing i ei bok. Sukk, me er heldige som har slike område i gå- og sykkelavstand frå heimen vår. Himmelen var blå og sola skein. Noko kald luft var det, så eg sat ikkje lenge ute med boka i fanget. Men likevel – berre det å sitje ute og lese, det er ei sann glede. Den vårlege lufta, lengre dagar og blomane som kjem og seier "tittei". 

 


Sykla ein annan veg på heimvegen, for mannen min hadde sett at det var lam på den eine garden på Ullandhaug. Dei fleste lamma var for langt unna, men eit av dei kom ganske nærme. Å, så skjønn med eit øyre opp og eit ned! Ferdig med jobbveka, og endeleg: etter planen opnar me igjen for publikumsbading på måndag. Blir bra å kunne få ein meir vanleg kvardag (sjølv om eg gjerne skulle gitt blaffen i det lite brukarvenlege bookingsystemet). Tjo og hopp, fredag og helg no!

Legg igjen ein fin tanke