8. mars 2019

Vår i byen

Merkeleg dag med tanke på vêret denne fredagen: det har regna, etter regnet stakk sola fram, plutseleg snødde det før det nok ein gong skein opp. Eg var ute og traska i byen for å finne nokre bursdagsgåver, og for det meste gjekk eg med solbriller og fekk kjenne vårsola i andletet. Så det har ikkje vore altfor ille sånn eigentleg, berre merkeleg. Dei kvite og grøne snøklokkene ser eg framleis mange plassar, også der eg gjekk i dag. Vårteiknet som eg kvart år lengtar etter. Like vakre i år som i fjor og året før det. Like fint å sjå midt i veka som i helga. Som i dag, på ein fredag tidleg i mars.

Legg igjen ein fin tanke