3. mars 2019

Treffe kjentfolk og kjenne sola varme

På skjermen no er det Miss Marple, den serien som blei produsert mellom 1984 og 1992 med Joan Hickson i hovudrolla. Eg har ikkje sett dei før, og som ein fan av Agatha Christie, har eg tenkt på å sjå denne ei stund. Veka har vore veldig bra. Den starta treigt med ein måndag der eg ikkje fekk gjort noko særskilt produktivt, men resten av veka har eg lese mykje, truffe vener, vore på eit infomøte med jobben, fått gjort mykje med fotobøker (jepp, det er nemleg fleire det er snakk om, eg ligg litt etter) og traska ein del ute i vårvêret. I dag skulle me eigentleg få fastelavnsbesøk av nokre vener, men dei måtte melde avbod. Me bakte boller likevel, og dei blei supergode! No skal eg sjå ferdig Miss Marple-episoden, medan de kan kose dykk med over tjue punkt frå denne veka:

✦ kaffi, ein bit sjokolade og det knallkule ullpleddet i ein herleg sennepsgul farge
✦ gå til byen i nydeleg vêr – trur kulvertloket ved gamle Gamlingen og Vålandsskogen blir superbra
✦ fastelavnsbolle med vaniljekrem
✦ sårt, men bra skrive om Lennie og George i Of Mice & Men
✦ blei så glad då eg las inne hos Jonna at naturen får vere og at dei fortsetje å bu i Grundtjärn
✦ QI – diggar det programmet, så mykje artig som blir sagt og gjort
✦ Emma og familien hennar har fått ein kattunge og den er berre så søt
✦ og i dette innlegget skriv ho også veldig bra om det å reise utan å fly
✦ møte på ein eg gjekk i klasse med på ungdomsskulen og prate saman eit kvarters tid
✦ og rett etterpå møte på ei barndomsveninne, så tilfeldig, men veldig gøy
✦ kino med ei veninne, og på skjermen var det The Favourite
✦ sjå ferdig Grace & Frankie
✦ og høyre på denne Ted-talken med Lily Tomlin og Jane Fonda om venskap og feminisme
✦ sola som laga varme skuggar på eit gammalt bygg ikkje langt unna bykjernen
✦ eit reisebrev frå ein transatlantisk båttur – denne reisen kunne eg gjerne ha tenkt meg
✦ lese ut Hvem sa hva av Helene Uri, fekk meg nokre aha-opplevingar angåande kjønn og språk
✦ vere på eit info- og oppstartsmøte med jobben, blir spennande med fyrste dag om to veker
✦ Peter Sellers i tre rollar i den vittige filmen The Mouse That Roared
✦ det går treigt, men det er no gøy å leggje endå eit puslespel saman
✦ liten videosnutt om ein katt som opnar dører fordi han skal passe på alle dei små kattungane
✦ solstråle og solskin då me gjekk rundt Mosvatnet på fredag, så godt med vår

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Mye fint på ukens liste! Of Mice and Men er trist. Er mange år siden jeg leste den, men husker den enda. Og puslespill! Tror det er på tide jeg finner frem et puslespill jeg også.

Er det en helt ny jobb du starter i om to uker? Uansett nytt sted eller ikke, masse lykke til!

Håper uka di blir fin! <3

Silje sa...

Takk, Ida! Liker godt å dele desse sundagslistene, og tenkjer eg ikkje berre på fine ting eg har gjort, men også lenkjer til innlegg, tekstar og videosnuttar eg trur andre også har glede av :) Ja, det blei ikkje noko meir på biblioteket, og då det dukka opp ei stilling (hundre prosent) i svømmehallen, søkte eg og fekk jobben. Blir spennande! Ønskjer deg også ei topp veke <3

Legg igjen ein fin tanke