4. mars 2019

Måndag med rydding og ein bra serie

Tidlegare i dag fekk eg det plutseleg for meg å rydde i gamle skoleoppgåver, notar og liknande. Så godt å ta tak i noko som berre har blitt liggjande i eit skap, ting og tang som eg aldri kjem til å sjå på eller bruke. Altså, det går ei grense kor mange prøver frå ungdomsskulen og vidaregåande ein skal ta vare på, og kor mange gongar tittar ein eigentleg på dei?! Eg har også unnagjort nokre ærend utanfor heimen og slappar no av med Downton Abbey. Er på siste sesong for andre gong, og sukk. Den serien er like bra no som den var då den byrja å rulle på skjermen for næmare ti år sidan!

Legg igjen ein fin tanke