6. mars 2019

Til ein bokelskar 📚

Til dømes meg sjølv ;) Eg fann nemleg butikken The Locket Library på Etsy, og eg kunne ikkje motstå å tinge heim to smykkeanheng og ein nøkkelring. Ei perfekt lita gåve til deg sjølv om du er glad i bøker eller til ein annan som du veit er bibliofil. Både The Secret Garden (eller Den hemmelighetsfulle hagen) og Anne of Green Gables er to bøker som betyr mykje for meg, den eine i mange år og den andre no nyleg. Difor var valet enkelt då eg såg desse to anhenga. Kan jo bruke det som smykke, eller henge på noko garn og ha det som bokmerke. Og nøkkelringen er superstilig og kul, veldig passande for ein som meg. Eg har allereie fått den på plass på nøkkelknippet mitt. Ekstra tøft er dei personlege bibliotekskorta. Berre eit lite tips frå ein bokelskar til ein annan.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

SÅ fine! Takk for tips ^^

Silje sa...

Ikkje sant?! :D Litt lang leveringstid, men verd å vente på ^^

Legg igjen ein fin tanke