11. mars 2019
Om brukte bøker
Sjølv om eg sjeldan kjøper bøker, nye eller brukte, eller ønskjer meg bøker til bursdag eller jul, synest eg det er veldig kjekt å gå rundt i bokbutikkar og sjå. Særskilt i bruktbokbutikkar der ein finn bøker som har ei historie. Kanskje er dei blitt lesne femti gongar eller berre ein gong. Nokre av bøkene har eseløyre og kanskje eit namn og ei adresse skrive inn på den aller fyrste sida. Lukta av gamle bøker. På fredag stakk eg innom Løvås bruktbu som ligg så å seie midt i sentrum. Kan ikkje hugse at eg har vore der før, og eg blei der lenger enn eg hadde tenkt; det var så mykje å utforske. Fann Sommerboken av Tove Jansson til tretti kroner, så den berre måtte bli med heim. Blir kjekt å lese den etter kvart. Eg var også innom NMS Gjenbruk på Hillevåg, og då var det Brødrene Løvehjerte som blei med meg i veska. For det er verkeleg ei bok ein kan lese om og om igjen.
Merkelapp
bøker,
loppis og gjenbruk
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke