1. mars 2019

Vink til ein ny månad v3

Startar den nye månaden med sterk sol og knallblå himmel. Ei fantastisk kjensle, våren er her! Men om ein ser bort frå det, er det jaggu meg ikkje store forskjellar mellom februar og mars. Graset er omtrent like grønbrunt, benken ser faktisk bittelitt meir slitt ut. Nokon hadde gløymt igjen eit hundeband. Det aller finaste: solstrålen som skein mellom trea ved benken. No kan helga starte!

Legg igjen ein fin tanke