1. juli 2018

Ha det, juni – hei, juli!

Trur nok alle klarer å gjette kva høgdepunktet denne veka var, nemleg å få den finaste heim igjen, til å sitje i armkroken hans, vere nær han igjen. No er det tilbake til kvardagen igjen på ordentleg, vår kvardag, saman. Vêret har vore upåklageleg, me har fått vere saman med fine folk på kveldstid og det var ein bra laurdag på jobb med kjekke kundar innom. Eg har fått lese mykje, både ute på balkongen og på senga før me sovna, me har lese mykje quiz ved frukostbordet og det har utan tvil vore nokre fine dagar. Fin slutt på veka blei det også med sundagsbuffet med familien ute på alltid flotte Kronen Gaard. Seier no "ha det" til juni, juli er her og det er også sundagslista:

✦ at mannen min endeleg er heime igjen
✦ ordet "librocubicularist" – ein person som les på senga
✦ sola som har stått høgt på himmelen så å seie kvar dag
✦ kosmoinspirert kunst på denne Instagram-kontoen
✦ lese ut Todrømmer (og HP-boka har jo lite med Togdrømmer å gjere, men forsida passa perfekt)
✦ "När nostalgin sköljer över en" – Isabelle skildrar så bra kjensla av nostalgi
✦ invitere på fredagspannekaker med canadisk lønnesirup
✦ og sitje ute på balkongen etterpå saman med venene våre, berre prate og slappe av
✦ lita stripe av sol på fikafatet på kjøkkenet seint ein junikveld
✦ god tid om morgonen med super frukost, kaffi og quiz
✦ lille Tim, eselet som trur det er ein hund
✦ grille ute ved Hafrsfjord saman med nokre fine kollegaer av mannen min
✦ slappe av med ei bok ute på balkongen då eg hadde fri på torsdag
✦ for ein draum å besøke ein plass som Værøy
✦ boka The Hours, her frå Clementine Café Deli i Moncton
✦ feire pride med ein liten, fargerik bokstabel på jobben i går (blei visst opp ned og vel å merke utan nokre veldig skeive bøker, eg får planleggje litt betre neste år)
✦ interiøret ute på Kronen Gaard, der me i dag åt middag
✦ den fine buketten eg kjøpte med heim på måndag, den ser framleis fin ut i dag

Legg igjen ein fin tanke