29. juni 2018

Sjømat ute ved North Rustico

Fredag er her, og det blir kveldsvakt på meg før me skal ha eit venepar på besøk. Skal ikkje klage på ein slik start på helga. Eg skal heller ikkje klage på dei siste timane me hadde ute på Prince Edward Island. Etter å ha vore ei stund på Green Gables Heritage Place, drog me til North Rustico, berre ein køyretur på rundt ti minutt (tok den ytre vegen, heilt ute ved kysten, så me brukte kanskje litt lengre tid). Me tenkte å ete varm lunsj på Blue Mussel Café etter ei anbefaling frå ei av dei ansatte ved campinghyttene der me overnatta. Ein flott, liten restaurant med mykje bra sjømat. Han åt pannesteikt hyse og eg åt ein fiskeburgar. Så fint med alt sollyset som fann vegen inn gjennom alle vindauga. Maten var god og stemninga likeså, omtrent på dagen då dei opna for sesongen.


Byrja ikkje på heimturen med ein gong, men tok oss ein minirast ikkje langt frå hamna der kaféen låg. Beundra eit stort hus i raudt og kvitt og syntest tårnet kunne likne litt på Mummihuset. Langs sjøen gjekk me eit lite stykke på den pene promenaden, naut det fine vêret og kunne godt ha tenkt med ein slik liten og søt paviljong ute foran blokka vår. Den raude jorda heilt nede ved sjøen, nesten som ei lita strand i ein heilt anna farge enn vanleg. Med desse bileta seier eg "god helg" :)

Legg igjen ein fin tanke