13. juli 2018

Fredag under eit teppe

Startar helga på best mogleg måte, med ei god bok i fanget og under lesepleddet eg fekk til bursdagen min. Innimellom lesinga tittar eg på baderomsinspirasjon, for sjølv om det er eit stykke igjen, er me no i gong med å plukke ut kva me vil gjere og korleis me vil det skal sjå ut (med tanke på fargar og materiale). Skal på jobb i morgon, så det blir ikkje ei helg med berre fri. Men akkurat no koser eg meg med boka, katalogane og togprogrammet På togtur med Julie Walters på NRK1.

Legg igjen ein fin tanke