15. juli 2018

Dagar på jobb og dagar med lesing

Sol og sommar mesteparten av veka, men nokre av dagane har gradestokken ikkje vist meir enn fjorten gradar på veg til jobb om morgonen. Skal vel ikkje seie noko, for det er vanningsforbod i byen og veldig tørt over store delar av Sør-Noreg. Etter jobb har eg fått lese mykje, både ute på balkongen og i stova. For ei god bok er som balsam for sjela. Litt opp og ned, nokre dagar les eg mykje meir enn andre, men jamt over har eg fått lese mykje så langt i sommar. Og eg diggar det! Elles er det vel inga overrasking at det har vore ein god del jobb i løpet av veka, og så klart litt fotball. For sjølv om eg ikkje er den som følgjer med i noko stor grad, er det ein annan i heimen som gjer det ;) No byrjar ei ny veke å nærme seg og under er tjue fine punkt frå denne juli-veka:

✦ treffe på ein kompis frå vidaregåande på veg heim frå jobb den fyrste dagen i veka
✦ bruke god tid på å lese ut Maggie-min
✦ for ein herleg opossumfamilie, nesten som ein liten buss
✦ klare tjueni av førti spørsmål i Dag og Tid, det er bra til å vere oss ;)
✦ solkrem, vatn og bok ute på balkongen etter jobb
✦ blomar, gamle rammer og stemninga i bileta til Niina
✦ å få ein liten snap med bilete av ein ny verdsborgar
✦ musikk kan gjere mykje for stemninga i ein film, berre sjekk ut lista med "musical moments"
✦ viss ein stoppar opp på Sølvberget, ser ned, kan ein sjå eit lite vindauge ned til dei gamle bøkene
✦ starte helga under lesepleddet og med ei god bok i fanget
✦ tinge billettar til Ennio Morricone-konsert i Oslo!
✦ supergode tips til ein rolegare ferie inne hos Julianne
✦ gjere ferdig og bestille fotoboka frå Interrail-turen vår
✦ "The Skye Boat Song", eller temaet frå Outlander, i Peter Hollens sin versjon
✦ ete is frå MooGoo og vere sosial med fine vener på arrangementet "Fjåge i Vågen"
✦ You'll Never Get Rich med Fred Astaire og Rita Hayworth – så himla kult med stepping
✦ søtaste geitekillingane
✦ kanskje Astrid Lindgrens värld blir reisemålet neste år, for berre sjå her og her inne hos Emma
✦ kaffipause på kontoret då eg hadde laurdagsvakt i går
✦ titte i baderomskatalogar

Legg igjen ein fin tanke