10. juli 2018

Fleire firbeinte å sjå langs vegen

Ikkje så enkelt å ta bilete av dei små grisungane i sterkt solskin når dei samstundes stadig var i farta. Men eit par bilete av dei fekk eg no tatt likevel. Søte og nysgjerrige, heile gjengen, på jakt etter mat i jorda, med logrande halar og ein artig lyd. Og dagen før såg eg jo eit rådyr på veg til jobben. Merka plutseleg ei skugge på sida av meg medan eg sykla, og då eg snudde meg, såg eg dette flotte dyret. Den var så majestetisk der den sprang av garde. Endå meir dyr blei det i går då eg såg ein kattefamilie leike ned på plenen. Var for treig med å ta fram kameraet, så det blei berre eit litt dårleg bilete med mobilen, tatt frå balkongen vår. Skjønne var dei i alle fall, ein stor og to små.

Legg igjen ein fin tanke