8. juli 2018

"Jag tror jag tror på sommaren" ☀️

"Eg trur eg trur på campingplass, eg trur eg trur på utedass". Hi, hi! Me lo begge to då me las denne omskrivinga av den kjente, svenske sommarsongen i avisa Dag og Tid no i helga. Ragnar Hovland kan få sagt det, altså. Kvar dag har ikkje vore like varm og sommarleg, men alt i alt skal me ikkje klage. Eg har for det meste hatt på meg sommarskjørt eller -kjole på jobb, sykla med bare leggar og fått lese ein del ute på balkongen når eg har vore heime. Juli på sitt beste, ingen tvil om det! Jobb seks dagar denne veka, ikkje alle like lange, sant nok. Men også sol, dyreliv i nabolaget og ein tur med nokre venar for å sjå på og få inspirasjon til oppussing av badet. Mykje arbeid som står igjen, men stas å vere i gong med å planleggje, for badet treng verkeleg ei oppgradering. Ein solrik, avslappande og herleg sundag nærmar seg slutt. Punkt for punkt – her er veke 27 oppsummert:

✦ herleg og treffande omskriving av Stig Olins song "Jag tror på sommaren"
✦ sjå eit rådyr på veg til jobb midt i veka
✦ køyretur til forskjellige baderomsbutikkar saman med eit venepar
✦ og samstundes ete middag ute saman med dei
✦ mange, kule forslag til Harry Potter-gåver for den som er HP-fan ;)
✦ krimnoveller i krimavdelinga på jobb, og så klart ein kopp med kaffi
✦ kjenne lukta av grillmat ved Mosvangen camping på veg heim frå jobb
✦ ete middag ute på balkongen klokka sju om kvelden
✦ musikken til filmen Dare to Be Wild, særskilt "Let It Go" med Glen og Markéta
✦ eg er kanskje ein bleikfis, men diggar den kongeblå kjolen eg fann på Fretexen i Moncton
✦ likte godt filmatiseringa av den flotte boka Wonder
✦ episode to av togprogrammet med Julie Walters der ho besøkte denne flotte bokhandelen
✦ gå tur opp til Ullandhaug der me såg nokre søte grisungar
✦ kjøpe agurk og tomat på torget om morgonen før jobb i går
✦ Disney-filmen Tarzan som laurdagsfilm (musikken er jo superb)
✦ lese i fine bøker ute på balkongen
✦ liker å sjå James Stewart-filmar, og Mr. Smith Goes to Washington er ikkje noko unntak 

Legg igjen ein fin tanke