3. juli 2018

Julikveld på flotte Kronen Gaard

Ute på Kronen Gaard den fyrste dagen i juli. Me prøver jo å få til bryllaupsdagsmiddag der kvart år, men ikkje så enkelt når det er konferanse det ein året og utvekslingsopphald eit anna år. Men det går no an å ete der litt forsinka, saman med mamma, pappa og broren min. Etter å ha ete og drukke litt kaffi med noko attåt, sat me ute i sola ei stund, for det var framleis varmt sjølv om klokka var halv seks om kvelden. Framleis sol og blå himmel. Fekk broremann til å vere fotogra, og så blei det nokre bilete under den fine bjørka som står på tuney. Store smil og ein del lått og løye. Nøgd med 60-talskjolen eg fann på ein vintagebutikk i Moncton. Nøgd med å ha mannen min tilbake igjen.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

For en nydelig kjole! Skjønner godt at du er fornøyd med den ;)

Silje sa...

Leita etter butikken, og var difor litt ekstra nøgd med å finne ein kjole som denne :D Stas å kunne ha på meg eit plagg med historie, funne på ein super vintagebutikk ^^

Legg igjen ein fin tanke