6. juli 2018

Downtown Moncton

Togskjene midt i sentrum, i alle fall ikkje langt unna. Så rart og samstundes så fint. Dei grøne trea mot den gråbrune grusen. Grønt mot brunt også ved eit bygg, eit bygg som var pynta med fin metallkunst. På den siste laurdagen i Canada (for min del), stakk me ein tur innom Marché Moncton, eller Moncton Farmer's Market som kanskje er endå enklare å forstå. Fargerikt utanpå og fargerikt inne. Litt kaotisk og mykje forskjellig, akkurat slik ein marknad skal vere. Fann noko glaskunst til hytta og lønnesirup til oss sjølv. Fem bilete frå Moncton rett før helga byrjar for fullt.

Legg igjen ein fin tanke