4. juli 2018

To små glimt frå Stavanger i juni

Solrike dagar her i byen denne veka. Eg klagar ikkje. Kan heller ikkje klage på juni, for me hadde faktisk nokre fine dagar då også (sjølv om det kanskje ikkje var så bra som det det visstnok var i mai). Som nede ved Vågen, midt i sentrum, den kvelden eg var ute til sjøs på litteraturarrangement. For ein flott by! Det andre biletet er tatt for berre ei veke sidan, den kvelden me var ein gjeng ved Hafrsfjord som grilla og koste oss. Bølgeskvulp og måkeskrik. Solnedgang i juni.

Legg igjen ein fin tanke