29. juli 2018

Tropenatt, svære skip og alltid kaffi

Sjeldan ein blir glad for regn i Stavanger, men det var me då det lynte og tora i går kveld. For det er også sjeldan det er så tørt ute som no. Før den tid har det vore varme dagar, nokre dagar altfor varme til å sitje ute. Men litt lesing ute på balkongen har det no blitt likevel. Endå ei full jobbveke, men no er det snart ferie, og to av kveldane denne veka har me vore i lag med fine folk. Gjer så godt å få vere sosial med personar som betyr mykje for oss, personar som gir energi. For eg er defintivt ein sosial person, men samstundes, etter dagar på jobb der eg møter folk heile vegen, er det også godt å komme heim til ei god bok, ikkje ha mange planar. På fredag var det både tropenatt og måneformørking og me nytta sjansen til å sove ute på balkongen. Kanskje ikkje den aller beste søvnen, men herleg å vakne opp ute i morgonlyset og artig å ha prøvd det. Måndag i morgon:

✦ lukta av bringebær i Vålandskogen
✦ litt rar og underfundig, men likevel god YA-bok: Every day av David Levithan
✦ 72 timar i eit lita glashytte som denne, ønskjer meg dit no (via Kathrin)
✦ lese ute i sola på balkongen også denne veka
✦ gå tur rundt Mosvatnet etter jobb med ei av mine beste veninner
✦ fascinerande å høyre Disney-songar på språket frå der handlinga i filmane utspelar seg
✦ var der ikkje lenge, men kult å sjå alle dei store, høge skipa midt i Vågen (Tall Ships Races)
✦ blå Playmo-arm som strekk seg mot den knallblå himmelen, mot den flygande, kvite måka
✦ presskannekaffi på morgonkvisten i dag i dei finfine koppane frå House of Rym
✦ liten tur rundt Vannassen i dag, og der såg me vakre vassliljer
✦ 10 sitat frå Agatha Christie
✦ is på jobben fordi det var steike varmt
✦ liten selfie i mørket ute på balkongen, fordi me sov der natt til i går
✦ blir alltid like rørt når eg ser små kattungar som desse få ein ny sjanse
✦ mykje kaffi, men alltid godt med espresso (eller for min del: espresso med piska havremjølk)
✦ tinge overnatting når me køyrer heim frå ferien om to veker
✦ ete ute på restaurant med eit venepar midt i veka

Legg igjen ein fin tanke