23. juli 2018

Gladmatfestivalen og Spiselig byfest 🍽

Hei, hei, og god måndag! Eller, god kveld er vel endå meir riktig å seie. Her har det vore ein lang dag på jobb, så eg trur det blir å slenge beina på bordet no resten av kvelden. Vel, vel. Etter jobb på fredag, drog me til byen for å vere med på Gladmatfestivalen. Ikkje at eg er veldig glad i slike store folkemengder, men det er jo noko med det å kjenne på pulsen midt i byen innimellom, og særskilt når det er den årlege matfestivalen. Mykje folk, sol og sommar, knallblå himmel, akkurat slik ein dag skal vere under Gladmaten. Åt ein miniburgar og litt anna smått, og også i år blei eg veldig glad då eg såg denne lille byttebua på standen til IVAR. Bruktbøker i mitt hjarte, altså <3


Broremann var også med, og både han og mannen min åt det som seinare blei kåra til årets Gladmatrett, nemleg røyka kveite i fritert potetvaffel. Eg tok ein liten bit, men kan vel ikkje seie at eg var heilt overtydd. Då var det betre med ein knallgod is i varmen ;) Store cruiseskip låg tett inntil kaia, veit ikkje heilt om eg liker synet, men kjekt med ein del turistar i byen om ikkje anna. Lo litt av pynten på den eine standen, for det såg jo verkeleg ut som to knallraude fugleskremsel. Kult og artig! Eit lite sjølvknips av to bleike, men sommarglade personar blei det visst også tid til.


Etter å ha gått i Vågen og på Gladmaten, traska me bort til Stavanger Øst for å oppleve Spiselig byfest. Den går parallelt med Gladmatfestivalen, men har meir fokus på musikk og hygge og er heller ikkje så folksomt eller med så mykje forskjellig mat. Koste oss fyrst med litt kaffi, smoothie og søpotetbrownies på Fermenten. Så blei det å gå bittelitt lengre bort, til Ostehuset der det var eit grøntområde til å slappe av på medan ein høyrde på livemusikk. Me blei ikkje så veldig lenge, for det byrja å bli noko kaldt etter kvart. Likevel var dette ein flott avslutning på ein kjekk kveld!

Legg igjen ein fin tanke