15. juni 2018

Kunst på campus

Ein ny tur på campus, Université de Moncton. Eller, ny og ny, det er jo nokre veker sidan allereie. Men ein dag då han var opptatt med skrivinga si, tok eg meg ein ny tur rundt på campus. Området er stort med mange bygg, små parkar og ein del kunst. Bronsestatuen på det øvste biletet minner meg faktisk litt om ei puslespelbrikke. Og om spikarkunstsaka veit eg ikkje heilt kva eg skal seie, men den er på ein måte kul, i alle fall på nært hald; fasongen er ei heilt anna sak. Likte godt det bua taket over inngangen til eit av bygga, kunne ikkje alle skolebygg sett nokolunde slik ut?!


Sol og knallblå himmel den dagen eg var ute og vandra. Men som eg har nemnt før var det ofte vind, så det var ikkje berre berre å setje seg ned på ein benk med ei god bok i fanget. Området fekk no vist frå si beste side om ikkje anna ;) Fann ein litt sliten paviljong og rett etterpå møtte eg ein fasan. Var faktisk fleire fasanar som spankulerte rundt omkring på campus. Til slutt ein gul busk som verkeleg lyste opp der den stod. I morgon ventar nok ein jobblaurdag, men det er berre kjekt, for tida fram til neste måndag (om halvanna veke) går fortare då. God fredagskveld til deg frå meg!

Legg igjen ein fin tanke