10. juni 2018

Litteratur til sjøs, på jobb og her heime

Full jobbveke, og sjølv om det er bittelitt nedtur å komme tilbake etter ein slik ferie, er det herleg å vere tilbake i byen, til jobb og rutinar. Kvardagen. Vêret har vore upåklageleg, så det har vore rett ut på balkongen etter jobb mange av dagane. Digg å kunne gå i sommarskjørt og -kjole kvar dag. Blir ikkje så varmt eller like bra i veka som kjem, men eg har no i alle fall fått oppleve ei sommerveke. Mykje lesing, båttur til Lysefjorden med litterære samtalar, varierte dagar på jobb og ei veke mindre til mannen min endeleg kjem heim. For eg saknar han. Men om ein lurer, så har det likevel, utan tvil, vore ei fin veke. Faktisk litt tidleg ute med vekesoppsummeringa denne sundagen:

✦ har fått oppleve nokre fantastiske solnedgangar tidleg i juni
✦ nydelege sitat frå klassikaren Den lille prinsen
✦ fortsetje med å lese ute på balkongen etter jobb
✦ litt starstruck då eg var med Litteraturtoget til sjøs med bl.a. Jostein Gaarder og kronprinsessa
✦ var superheldige med vêret på båtturen, til dømes å få sjå bybrua i kveldssola
✦ god avslutning på den flotte serien The Fosters
✦ ete sundagsmiddag på Sola seinare i kveld
✦ veit at denne er gammal, men ingenting slår det danske språket med "kamelåså"-sketsjen
✦ litt kult å lese ei faktabok for barn om L. M. Montgomery og dei stadane eg nettopp har besøkt
✦ snakke med mannen min på telefonen etter ei veke utan å høyre stemma hans
✦ songen "The Parting Glass", særskilt i denne versjonen
✦ bli hekta på serien Gavin & Stacey, for britisk humor er jo blant dei aller beste
✦ sykle til jobb i går, for det var sol og roleg i gatene
✦ James Corden er ein av folka bak serien, og då må eg berre dele denne sketsjen med han og Benedict Cumberbatch – du kan jo tru at eg lo høgt for meg sjølv
✦ småhumra då eg las En uvanlig leser av Alan Bennett, ei lita og herleg bok
✦ sjå Preikestolen nedenfrå då me var ute til sjøs med MS Sandnes og Litteraturtoget
✦ ha på meg kjole arva etter svigermor og nuperellesmykke laga av besteste pantertante
✦ postkortsamlinga frå Canada
✦ måtte promotere dinosaurar på jobb og det i den kongeblå kjolen eg kjøpte i Canada ;)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så digg å sitte ute og lese! Det hørtes veldig fint ut ^^ Skjønner godt at du savner mannen din, er tungt å være lenge borte fra hverandre. Håper den siste uka han er borte flyr avgårde! Og så fine bilder av deg ^^ Artig å kunne arve plagg. Håper uka di blir fin, Silje <3

Silje sa...

Å lese ute i sola er ei herleg kvardagsglede ^^ Ja, håper desse to vekene går fort, men det satsar eg på at dei gjer. Takk for fine kompliment om bileta og kleda, er så glad i å kunne bruke plagg som er kjøpt brukt eller arva! God veke til deg også, finaste Ida <3

Legg igjen ein fin tanke