20. juni 2018

Covered bridges

Slike bruer er visst ei greie i New Brunswick. Covered bridges kallar dei det, på norsk seier me vel overbygde bruer. I gamle dagar bygde dei bruene av tre, og ved å bygge eit slikt tak over, blei dei meir stabile. Den siste gongen me leide bil for å komme oss rundt i provinsen, fann me to slike bruer, ei nær Shediac og ei nær Hillsborough. Brua Joshua Gallant, ofte berre kalla Shediac River, er perfekt til fisking. Ein kan til og med stå på brua og fiske ut frå eit lite vindauge. Og så er det litt tøft med graffitien og skriblinga på veggane. Ute var det knallblå himmel og grøne og raude tre, eit lite stykke ekte New Brunswick. Brua nær Hillsborough, Hartley Steeves (Weldon Creek), var kanskje ikkje fullt så pen, men uansett stas å ha sett, ikkje berre ein, men to slike bruer.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Mathilde Nicoline sa...

Hvor idyllisk er det ikke å fiske ut av et lite vindu på ei bru <3

Silje sa...

Ja, eg såg til og med nokom som skulle til å fiske den dagen me var der :) Kjempefin plass og sikkert endå betre no om sommaren når det antakeleg er varmare <3

tea sa...

Hihi, så artig. Og enig med kommentaren over: tenk å fiske gjennom et lite vindu på en bru. Gøy og fint!

Silje sa...

Ikkje at eg pleier å fiske så mykje til vanleg, men det ser no litt koseleg ut på denne plassen i alle fall ;) God helg til deg <3

Legg igjen ein fin tanke