1. juni 2018

Andre stopp på "Anne"-turen

No når dette blogginnlegget blir publisert, er eg heime i Noreg igjen. Skulle så gjerne hatt ferie berre bittelitt til, men det er no godt å komme heim til eiga seng igjen. Mannen min kjem ikkje før mot slutten av juni, men med jobb og slikt, trur eg vekene kjem til å gå fort. Jobblaurdag i morgon. Før den tid skal eg berre slappe av og vise fram eit par bilete frå då me besøkte huset der forfattaren Lucy Maud Montgomery blei fødd. Ein kan vel seie at det er noko turist over det heile når ein lager eit slags museum i det huset forfattaren kom til verda, men det var no laga fint til i alle fall. Fekk høyre litt om Montgomery og huset av guiden før me såg oss omkring på eiga hand. Ingen katt på soverommet her, men mange gamle detaljar, den fyrste boka i Anne-serien på fleire forskjellige språk (blant anna norsk), tapetet på veggen og kjøkkenet. Synest det var litt kult med "lefsa" som hang på veggen. Eit koseleg, lite hus ute på den vakre øya, sjølv i pøsande regnvêr.

Legg igjen ein fin tanke