16. jun. 2018

Ruinar og ein heimsøkt sti i Cavendish

Raud jord og grøn mark. Forglemmegei langs vegkanten. Sukk. Prince Edward Island er vakkert. Skulle gjerne hatt ei veke til ute på øya. På vår siste dag, før me køyrde tilbake til Moncton, var det eit par stadar me skulle besøke. Me starta med to Anne-plassar rett ved campinghytta der me overnatta dei to siste nettene. Den fyrste var L. M. Montgomery's Cavendish National Historic Site. Langt namn, men kort fortalt er det eigedommen der huset til besteforeldra stod. Lucy budde der gjennom oppveksten, og staden betydde difor mykje for ho også etter at ho flytta derifrå.


På området kunne ein stoppe opp ved fleire små skilt og lese sitat frå Montgomerys dagbøker (eller kanskje var det brev til vener og kjente). Slike detaljar gir ei fin ramme rundt ein stad som denne. Huset som dei, altså ho og besteforeldra budde i, står ikkje lenger. No er det berre ruinar igjen. Men det er eit eller anna ved å sjå ein ruin, så vemodig og fint på same tid. Og så måtte eg jo setje meg ned og posere på favorittbenken, under favorittreet, der Lucy ofte sat og fann inspirasjon.


Gammalt, men likevel eit flott gjerde, ute på den vårgrøne enga blant alle dei gule blomane. Sukk. Endå ein gong. Trur nok eg er betatt av P.E.I. Eller, det er vel ingen tvil. "Haunted Wood Trail" blir nemnt i bøkene om Anne, og eg synest difor det var ekstra kult å gå den lille stien frå det eine området, over vegen og bort til Anne of Green Gables Heritage Place, det fjerde og siste stoppet på Anne-turen vår. Gjennom skogen, på ein liten sti, over ei gammal trebru.

Legg igjen ein fin tanke