✦ gå til jobb i raude sko, sommarkjole og bare leggar på det sommargrøne graset
✦ og etter jobb: feire ei veninne som snart skal ha barn i flott vêr og herleg selskap
✦ sesongavslutninga av Endeavour, for den serien er så bra og eg elskar jo britisk krim
✦ tur i Irishtown Nature Park med bok, fuglar som kvitra, fine stiar og ei hand å halde i
✦ lese ut bok nr. to i krimserien om Vera Stanhope: Telling Tales
✦ det lille flyet som eg såg på golvet på flyplassen i Moncton
✦ lese ute på balkongen i strålande sol no i dag
✦ sjå og tenkje tilbake på alt me opplevde i løpet av vekene på ferie
✦ blomar på trea dei siste dagane i mai
✦ ler nok ein gong av Crosswalk the Musical, og no er det The Sound of Music
✦ takksam for at eg slapp unna den verste jetlagen
✦ siste episoden av thrillerserien The Americans – ei verdig avslutning på ein knallgod serie
✦ ein siste tur ut i sola på campus i Moncton med ei bok i fanget
✦ sove i eiga seng igjen
✦ fortsetje å følgje seglturen inne på Havelle
✦ ferie bryllaupsdagen med restaurantbesøk og etterpå eit glas vin og stearinlys i leilegheita
✦ etter å ha gitt mannen min eit bittelite hint, fekk eg den finaste boka i bryllaupsdagsgåve
Legg igjen ein fin tanke