11. juni 2018

Fargerike Lunenburg

No blir det eit stort hopp, og det tilbake i tid. Har nemleg ikkje vist dykk fargerik Lunenburg som ligg ute på Nova Scotia. Det har allereie gått nesten ein månad sidan me var der ute. Etter å ha vore eit par timar ute på Peggy's Cove, og før me drog tilbake til Moncton, drog me til hamnebyen Lunenburg. Den ligg sørvest for Halifax, hovudstaden i provinsen. Sidan 1995 har Lunenburg stått på UNESCOs verdsarvliste. Uansett kva gate me gjekk i, var det fargar overalt. Blir ikkje ferdig med å sjå på husa i alle moglege fargar. Om det er i Fargegata her heime eller langt ute på Canadas austkyst. Knallgrønt, turkist, blått med gult gjerde, knalloransje, rosa, hus i pastellfargar.


Flott nede ved hamna der det på andre sida var endå grønare (ha, ha, tok du an'?). Den dagen me var der, var det ganske så varmt, så det blei ein is på begge to og eit stort smil. Kjøpte ikkje isen i den butikken, men måtte berre ta bilete av sjølve skiltet, småhumra litt der me gjekk. Brannbilen var stilig og det var også denne kvite bilen som me såg stod parkert i ei av gatene.


St. John's Anglican Church blei bygd så langt tilbake som 1754 og er den nest eldste protestantiske kyrkje i Canada som framleis står. Flott og stilrein i svart og kvitt. Ikkje så langt unna kyrkja såg me plutseleg ein minnestein over nordmenn som var i Lunenburg for å trene ("Camp Norway") i samband med andre verdskrig. Rart å stå der og lese norsk på ein slik stein langt, langt heimefrå. Stoppa også opp for å beundre den fine paviljongen. Nok eit kjekt besøk i ein fargerik by.

Legg igjen ein fin tanke