7. juni 2018

East Point og Basin Head

Vindmøller såg me både på veg til Nova Scotia og ute på P.E.I. Etter å ha vore på den lille gåturen ved Greenwich, gjekk turen vidare til East Point, heilt ute på austspissen av øya. Dei er, nok ein gong, gode på fyrtårn. Fyrtårnet ute på East Point er det einaste i Canada som blei bygd i 1867, då landet blei uavhengig av Storbritannia, og som framleis er i drift. Himmelen var i ein knallsterk, lyseblå farge med nokre kvite skydottar. Så vakkert der ute, heilt ute på spissen av øya. Fyrtårnet har i løpet av dei dryge 150 årå blitt flytta to gongar. Såg også nokre artige skilt på graset rundt fyrtårnet; veit ikkje heilt kva det skulle tyde, men artig var det no lell. Bratte, raude klipper er noko av det eg kjem til å hugse best frå denne flotte øya. Tok ein svipptur innom stranda ved Basin Head på vegen tilbake til Cavendish der me budde dei to siste dagane. Det seiast at sanda her "syng" når ein går på den, men me hadde vanskeleg for å høyre det ;) Storslått var det likevel med den raude sanden som ein kontrast til havet og den blå himmelen. Eit fint anlegg med bru og små buer (ikkje på bileta) til å skifte i om sommaren. For kaldt til å bade der no, men som ved Greenwich trur eg dette er ein super badeplass seinare på året. Får ikkje nok av Prince Edward Island!

Legg igjen ein fin tanke