13. juni 2018

Vårlege blomar og fargar tvers over Atlanterhavet

Våren kom seint her heime, og eg sakna å sjå dei rosa blomane på treet rett ved nærbutikken vår. Men den kom også seint i Moncton, noko eg er glad for. Blomar og grøne tre overalt. På campus var det tre i alle fargar, vakre fargar mot den knallblå himmelen. Ein flott leseplass då vinden endeleg løya. Her er det snart av garde til seinvakta på jobb, ein heilt vanleg onsdag i juni. God lillelaurdag!

Legg igjen ein fin tanke